ooooh, vi reiser saman
Open invitasjon
Til:
Greie folk (gjerne badarar), som vil gjere ein innsats for miljøet, eller ikkje har pengar til å bestille flybillett no, ein månad før ein treng den.
Er inviterte til å slå seg saman med meg på ein 9 timers busstur til trivselsfylket i høve påska.
Eg er tidleg ute, men som vanleg gledar eg meg til å reise heim. Dvs, sjølve reisa er som underforstått, noko eg ikkje gledar meg særleg til. Eg innser at mine år som forholdsvis lat og velståande har gjort at eg ikkje hugsar sist eg tok denne bussturen. Kanskje det blir eit hyggelig gjensyn? Kanskje har kafeteriaen på GOL fått eit større utval i karbonade-smørbrød? Kanskje har Firda Billag byrja å dele ut tepper, øyreproppar og sovemasker til beskyttelse under reisa? Kanskje har det komt motorveg over fjella, så turen berre tar 4,5 timar? Kanskje kjem ikkje rompeballane til å sovne? Er det lov å håpe, eller er det trygt og godt at alt er som før?
bill.mrk: spennande eventyr i vente

2 Comments:
Det er vel og merke ein månad til dette. Eg innrømmer at eg er ute i litt vel god tid.
Sidan mine påskeplanar ikkje inkluderer Sunnfjord, seier eg meg lei for at eg ikkje kan halde deg med selskap på bussturen. Slik du legg det fram, høyrast jo turen ut som ei rein lystreise, og eg må innrømme at eg for ei kort stund fekk lyst til å droppe heile New York og sette meg på bussen med deg i staden. Den innskytelsen gjekk imidlertid fort over.
For å dekke vestlandsbehovet reiser eg til Flekke og Askvoll til helga. Sidan eg ikkje eig nokon bil og jamnt over må reknast som snill på miljøfronten, satsar eg meg nok ein gong på Widerøe som framkomstmiddel. Eg må jo fylle opp min del av utsleppskvota.
Legg inn en kommentar
<< Home